Du er herInfo og prisar (sjå vedlegg nederst i artikkel) for annonsering på TV-NH

Info og prisar (sjå vedlegg nederst i artikkel) for annonsering på TV-NH


Av Jon Ingar - Opprettet 27 april 2010

NYTT - ENGASJERANDE - SAMLANDE

21. april lanserte B&M WEBTV-konseptet TV-Nordhordland. www.tvnh.no og www.tvnordhordland.no. Dette er for oss eit stort og viktig satsingsprosjekt. Med på laget har me og fått Avisa Nordhordland.

 

Dette er eit prosjekt me har jobba med i ca 10 mnd nå. Fra Ide-stadiet til det nå har blitt ein realitet. B&M ønskjer å være samfunnsengasjert, det er noko me har vektlagt sidan oppstarten. Tv-Nordhordland er alikevel eit stort steg å ta. Dette er Nordhordlands første Tv-satsing. På 80/90-talet var det i ein periode snakk om å starte med tv-sendingar frå regionen, men dette var før Internett var eit kjend begrep/verktøy.

Hausten 2009 Ansatte me tv-journalisten Ingvild Førde Flatøy, som har hatt fadderansvar for ein i tiltak hos arbeid med bistand, kombinert med journalistoppgåver knytta til utviklinga av Tv-Nordhordland.

I tillegg engasjerte me Roald Kleiveland frå Kleiveland Musikk & Media, til å utvikle nettsida www.tvnordhordland.no. Roald har gjort ein kjempejobb, og laga ei side med stor fleksibilitet og som er laga med tanke på også å kunne møte framtida.

Musikk og Media

Produktet me nå er klar til å vise fram er vi svært stolte av! Her ligg alt til rette for å servere Nordhordlands befolkning levande bilete, gjennom reportasjar, dokumentarar, program og direktesendingar. Berre økonomi og fantasi set grensene.

Vårt mål er at at Tv-Nordhordland skal engasjere folket i Nordhordland. Her skal det bli mulig for lokale videoreportarar og kameramenn å få profilere bygda si, laget sitt, enkeltpersonar, menigheter, kor, revygrupper, bedrifter og næringsliv med meir. B&M sin visjon då me starta opp var at me ville "skape eit miljø". Eit miljø der spesielt unge, men og vaksne kan blomstre innan kreativ og nyttig mediabruk, med spesielt fokus på video/film.

Dette har me i stor grad lukkast med i Meland. Me håpar at Tv-Nordhordland kan være med å gje oss eit nytt løft og ein god plattform til å videreføre engasjementet, men no ønskjer vi altså å ta dette med ut til alle kommunane i regionen. Det vi ønskjer å få til er å etablere freelansgrupper i dei ulike kommunane og kurse/utruste desse. Me ønskjer og å legge til rette utstyrsmessig. Her håpar me at kommunane sjølv vil være med å bidra. Me har og søkt om midlar til dette frå fylket.

Me ser og for oss at Tv-Nordhordland vil på sikt skape deltidsarbeidsplassar for bl.a. ungdom med redigering og opptakserfaring, men og til andre oppgåver innan medieproduksjon.

Så dersom de kjenner film/tv/grafikk-interesserte i distriktet, så tips oss gjerne, eller om du er det sjølv, så ta kontakt!

www.nordhordland.no 

Med oss på laget har me fått Avisa Nordhordland. Saman skal me leggja ein god plattform for nyhetsdekning av regionen. I framtida kjem de til å sjå kjende og kjære journalistar frå avisa med videokamera på slep, i tillegg til notisblokk og fotoapparat. Me er svært glad for dette samarbeidet og det engasjementet redaksjon og ansatte i avisa har vist. Samarbeidet gjev oss og tru på at prosjektet har livets rett. Vi har allereie gjennomført eit par reportasjetestar med stor suksess. Den 1. videosnutten som blei linka frå nordhordland.no blei vist over 1000 gongar i løpet av vel 2 døgn!

  REKLAMEFINANSIERT

Me håper på at Tv-Nordhordland på sikt skal bli reklamefinansiert. Dermed treng me lagspill med næringslivet. Tv-Nordhordland har som mål å bli blandt Nordhordlands topp 3 best besøkte nettsider. Fordelen vår er eksponeringstida for reklame. Statistikk viser at snittet på besøkstida (1500 unike brukarar) er på ca 5 minutter pr besøk. Det er Forventa ca 35 000* visningar i veka.

*forventningar basert besøksstatestikk frå Avisa Nordhordland

DERSOM DU ER INTERESSERT I Å ANNONSERE PÅ TV-NH SÅ TA KONTAKT FOR INFORMASJON OG PRISAR ELLER SJÅ VEDLEGG TIL DENNE ARTIKKELEN (PDF og DOC)

HUGS OGSÅ Å TIPSE OSS (sjå eigen link på tvnordhordland.no) OM AKTUELLE SAKER, HISTORIAR, PERSONAR m.m. 

VedleggStørrelse
reklamemateriell_trykk.pdf985.84 KB
Prisliste Reklame Tv-Nh.doc569 KB