Du er herUndervisningsprest 100% stilling
Undervisningsprest 100% stilling
Meland kyrkjelyd.
Undervisningsprest
100% stilling frå 01.03.09
Meland kyrkjelyd samsvarer med Meland kommune, ein halvtimes køyretur nordover frå Bergen sentrum. Meland er ein tilflyttingskommune med ei gjennomsnittleg ung befolkning. Kommunen har om lag 6000 innbyggarar, eit godt kulturelt tilbod og gode tilhøve for friluftsliv. Det er to ungdomsskular, fem barneskular og god barnehagedekking i kommunen. Det er gode kollektivsamband til Bergen. Meland kyrkjelyd har ei kyrkje og eitt sokn, men det vert også feira gudstenester på to bedehus. Det er trong for og planar om ei ny kyrkje sentralt på Frekhaug. Kyrkjekontoret ligg i kommunesenteret på Frekhaug.
Meland kyrkjelyd er ein spennande kyrkjelyd med stor frivillig aktivitet i mange aldersgrupper. Mykje skjer i regi av organisasjonane, men kyrkjelyden har også sitt eige søndagsskulearbeid - Løvegjengen, eit gruppebasert arbeid blant ungdom kalla Volum og ungdomsgudstenestene Møtepunkt. Det er også mange engasjert i frivillege tenester knytt til gudstenester, grupper og diakoni. Kyrkjelyden har eit godt samarbeid med fleire frivillige organisasjonar. Soknerådet og dei tilsette arbeider med planmessig utvikling av kyrkjelyden og får rettleiing frå ”Naturlig menighetsutvikling”. Kyrkjelyden sin visjon er ”Nær Gud – nær menneske”.
Den faste staben er samansett av kyrkjeverje(100%), sokneprest(100%), organist (80%), kyrkjetenar (50%), ungdomsarbeidar (50%) og koordinator (60%). Undervisningspresten i 100% er ei omforming av tidlegare kyrkjelydsprestestilling. Staben vil bli styrka med ei 50% stilling i trusopplæringa og av delar av ei ny statleg prestestilling innan nær framtid.
Meland kyrkjelyd har sidan 2007 hatt trusopplæringsprosjektet ”Kyrkja på vegen” (www.kyrkjapavegen.no). Det er utrusta unge frivillige medarbeidarar i Buss & Media som går aktivt inn i trusopplæringstiltak for aldersgruppa 10-14 år. Her er busstransport og mediearbeid aktive ingrediensar i kreative tiltak med god oppslutning. I 2009 skal trusopplæringa inn i ein driftsfase og det vert den nye medarbeidaren si oppgåve å sjå erfaringane frå prosjektet inn i mot ein heilskapleg trusopplæringsplan.
Arbeidsoppgåver
• Sette i gang og leie arbeidet med utarbeiding og gjennomføring av ein heilskapleg trusopplæringsplan for kyrkjelyden med vekt på 0-18 år.
• Ansvar for undervisningsrelatert arbeid etter nærare avtale og i samsvar med planen.
• Leiartrening og oppfølging av ulønna medarbeidarar i trusopplæringsarbeidet. Tyngdepunktet vil vere i barnearbeid.
• Ansvar for (barn/familie- eller undervisningsretta) gudstenester og bindeledd til søndagsskulen
• Bindeledd til det andre kristne barne-og ungdomsarbeidet i soknet
• Bindeledd til Buss & Media AS
• Kontakt mellom kyrkje og skule/barnehage
• Vikar for sokneprest etter nærare avtale
• Oppgåvene kan endrast etter avtale med arbeidsgjevar
Kvalifikasjonar
• Prest. Kompetanse og erfaring med kristen undervisning og forkynning for barn og unge er ønskeleg.
• Det vert lagt stor vekt på om søkaren er eigna til stillinga: Søkar må ha gode samarbeidsevner og trivast med å jobbe i team. Søkar bør samtidig ha evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ, arbeide strukturert og målretta og tenke heilskap.
• Søkar må like å arbeide med barn og ungdom og ha evne til å inspirere og motivere andre medarbeidarar.
• Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja.
Vi tilbyr:
Lønn etter gjeldande tariffavtalar ut frå kvalifikasjonar.
Pensjonsordning i KLP og forsikring etter avtalar.
Eit godt arbeidsfellesskap med engasjerte medarbeidarar mellom tilsette, frivillige og i soknerådet.
Søknadsfrist:
2. februar 2009
Meir informasjon: Meland kyrkjekontor tlf 56171480 ved Anne Sofie Nergård Uthaug
Send søknad med CV, referansar og attestar til
Meland kyrkjelyd
Pb. 117
5906 Frekhaug
